Innlegg

Frå mine 40 år i bibliotek. Ingvild Seland, biblioteksjef i Gjesdal 1980-2019

Bilde
  Mandag 30. september 2019 var siste arbeidsdagen min ved Gjesdal folkebibliotek. Her er eg på veg ut døra på Veveriet ein av dei siste dagane. Biblioteket var då på flyttefot tilbake til Veveriet etter vel eitt år i midlertidige lokale i underetasjen til Ålgård bo- og aktivitetssenter.  Nå skulle ein ta fatt på eit nytt kapittel i biblioteket si historie. Veveriet skulle fyllast med liv og røre og nye aktivitetar i alle tre etasjar der biblioteket skulle få ei sentral plassering i fyrste etasje. Det var eit tidsskifte og eit fint høve til å overlata ansvaret til ein ny biblioteksjef. Eg har vore biblioteksjef i Gjesdal i nesten 40 år og har vore med på ei fantastisk utvikling av denne tenesta. Eg har tenkt at den erfaringa eg sit med - og den utviklinga eg har vore med på, må dokumenterast på eit eller anna vis.  Eg landa på å gjera det på denne måten - foreløpig....  Kanskje kjem det ein papirversjon seinare. Det var ei spent ung jente som møtte opp til sin fy