Frå mine 40 år i bibliotek. Ingvild Seland, biblioteksjef i Gjesdal 1980-2019


 



Mandag 30. september 2019 var siste arbeidsdagen min ved Gjesdal folkebibliotek.
Her er eg på veg ut døra på Veveriet ein av dei siste dagane. Biblioteket var då på flyttefot tilbake til Veveriet etter vel eitt år i midlertidige lokale i underetasjen til Ålgård bo- og aktivitetssenter. 
Nå skulle ein ta fatt på eit nytt kapittel i biblioteket si historie. Veveriet skulle fyllast med liv og røre og nye aktivitetar i alle tre etasjar der biblioteket skulle få ei sentral plassering i fyrste etasje.
Det var eit tidsskifte og eit fint høve til å overlata ansvaret til ein ny biblioteksjef.

Eg har vore biblioteksjef i Gjesdal i nesten 40 år og har vore med på ei fantastisk utvikling av denne tenesta. Eg har tenkt at den erfaringa eg sit med - og den utviklinga eg har vore med på, må dokumenterast på eit eller anna vis. 

Eg landa på å gjera det på denne måten - foreløpig.... 
Kanskje kjem det ein papirversjon seinare.


Det var ei spent ung jente som møtte opp til sin fyrste faste jobb på biblioteket i Heradshuset på Ålgård 31. mars 1980! 
Eg var ferdig utdanna sommaren før: 3 år på Statens bibliotekhøgskole i Oslo - og før det: 2 årsstudium på distriktshøgskolen i Volda (norsk og lokalhistorie). 
Det fyrste halvåret i jobb hadde eg eit vikariat som distriktsbibliotekar ved fylkesbiblioteket i Steinkjer. Det var lærerrike månader med flotte kolleger!

Nå sto eg på eigne bein som den fyrste fagutdanna bibliotekaren i Gjesdal. Biblioteklova den gongen kravde fagutdanna biblioteksjef i kommunar med meir enn 8.000 innbyggarar. All ære til Gjesdal med sine 5.500 som likevel satsa på fagutdanna folk! Tilsetjinga skjedde ved eit samrøystes vedtak i kommunestyret (!) i desember 1979.

Forgjengaren min (og tidlegare lærar) Nils Hundebo møtte meg på biblioteket saman med kultursekretær Jarl Martinsen.
Startdatoen var eigentleg 1. april, men denne dagen skulle eg vera med på tur med bokbilen for å starta med å gjera meg kjent i kommunen.


 

 


Slik såg det ut på biblioteket den dagen eg starta i jobben. Lokalet var 60 kvm. 
Skranke og einaste arbeidsplass var like innanfor døra.


Men før eg startar på mi historie, går eg heilt tilbake til starten for meir enn 200 år sidan.

 DEN TIDLEGASTE HISTORIA 

Kjelde: Jan Alsvik: Bygdebok for Gjesdal 1800-1870. 1989
25. februar 1852 gjorde kommunestyret i Gjesdal vedtak om å oppretta eit kommunalt bibliotek. - Men fyrst vil eg gå endå 52 år lenger tilbake i tida: I året 1800 vart det oppretta ”leseselskap” i Gjesdal.

Eit leseselskap verka på same måten som ei forening – der ein meldte seg inn og betalte ein viss kontingent som vart brukt til bokinnkjøp. Leseselskapet var knytta til kyrkja. Bøkene kunne lånast søndag etter kyrkjetid.

To år før dette (1798) hadde Kristiansand stift (som dette distriktet høyrte til) fått ny biskop. Han heitte Peder Hansen og skulle visa seg å bli den mest innflytelsesrike person i norsk bibliotekhistorie. Han var son av ein skomakarmester i København. Mor hans var amme for den seinare kong Christian den 7. Karrierevegen hans var den tradisjonelle for gåverike unge menn som ikkje hadde mykje pengar. Han studerte til prest hos sentrale ”opplysningsteologar” i Tyskland – med god hjelp frå slottet.

I løpet av dei 5-6 åra han var i Norge, fekk han etablert ca. 40 slike leseselskap for lokale bønder i Kristiansand stift – eller ”Selskap for Oplysnings og gode Sæders Udbredelse”. Målgruppa var uvanleg på denne tida. Leseselskap var eit populært tiltak på slutten av 1700-talet, men som regel var det borgarskapet som var medlemmer og selskapa vart etablert i byane. Talet på leseselskap han oppretta er i seg sjølv både imponerande og uvanleg. Ingen andre stader i Norge, og heller ikkje i Sverige eller Danmark, kjenner ein til etablering av leseselskap i eit slikt omfang som me finn her.

Biskopen var ein strateg. Han forankra arbeidet sitt i sentraladministrasjonen i København. Han brukte sitt eige geistelege embetsverk, prostar og sokneprestar, for å få gjennomført saka. Han fulgte opp når han var på visitasar, han utarbeidde detaljerte reglement, han laga lister over bøker som burde kjøpast inn og han kravde rapportar om verksemda.

Lokalt høyrte Gjesdal med til Lye prestegjeld der soknepresten på denne tida var ”diktarpresten” Jens Zetlitz. Han var kjent i samtida som ”glædens muntre sanger” og er nemnt som ein av dei ”muntre forgrunnsskikkelsene” i Det norske Selskab i København på slutten av 1700-talet.

Dei bøkene som vart kjøpt inn til leseselskapet, måtte ”enten tjene Almuen til Opbyggelse eller utvidet Kundskap i Bondens Næringsvei eller til almindelig for ham passende Oplysning eller til behagelig og lærerig Underholdning”.

Det hadde mykje å seia for framveksten av boksamlingane at staten begynte å gi tilskot.

Det var også soknepresten som i desember 1851 hadde oppfordra folk i Gjesdal til å oppretta eit bibliotek. Lensmann og ordførar Christian Edland hadde kunngjort oppfordringa på kyrkjebakken og 25. februar skulle kommunestyret seia si meining om saka.

Det fantest framleis eit leseselskap i Gjesdal. Det hadde sitt utspring i leseselskapet som var stifta i 1800.
Det var omkring 70 bøker i denne samlinga. Styret og ein del medlemmer hadde i eit møte 26. januar blitt enige om at bøkene skulle overførast til ”Almuebiblioteket” dersom dette vart oppretta.

I 1868 hadde boksamlinga omkring 250 bøker. Historiebøker, ”Skillings-Magazinet”, Budstikken, geografiske skrifter, fleire bøker av Eilert Sundt, ei mengde ”Jorddyrkingsbøger” og mykje anna.

I 1869 vart David Lima vald til bibliotekar. Han påtok seg oppgåva utan betaling.

Gjesdal på denne tida blir ofte omtalt som ”en vindskibelig bygd”. Eilert Sundt brukte nemninga etter sine besøk i bygda. ”Vindskibelig” betyr strevsommelig, flittig, iherdig, tiltaksam, drivande – og liknande nemningar som viser at folk ikkje låg på latsida. Gjesdalbuen utmerka seg med omfattande husflids- og handverksverksemd.

Men Eilert Sund meinte også at gjesdalbuen utmerka seg ”ved Tænksomhed, Dannelse og Pyntelighed”.

I ein artikkel om lekmannsrørsla i Gjesdal i 1830-åra vart det peika på at ”Gjesdal havde ord for at være den mest fremskredne bygd baade i tænkning, moral og kundskap”.

Den kjende Time-buen Mauritz Kartevold (f.1833) – som levde sitt vaksne liv i Sandnes – hadde også sitt syn på gjesdalbuen. ”Almentaget var gjesdølerne i min tidligste ungdom den mest oplyste bygd her vester”.

I den nasjonale bibliotekhistoria finn eg att eitt Gjesdal-navn: Nikolai Lima – lærar, lensmann, stortingsmann. Han får æra for å ha fått innført statstilskot til skolebiblioteka: I 1891 foreslo han ei løyving over statsbudsjettet som skulle delast ut til skolebiblioteka mot at ein tilsvarande sum vart løyvt lokalt. Alt året etter vart det gitt tilskot til 172 skolekretsar i 57 kommunar.

15 år tidlegare hadde Stortinget sett i gang med sine årlege øyremerka tilskot til folkebibliotekføremål. 

Dei neste 100 åra er det nok mykje Staten og sentrale myndigheter som styrer bibliotekutviklinga – enten gjennom lovgjeving eller med ”gulrøter” i form av pengar.

Noko som fekk mykje å seia for utviklinga utover landet, var eit stortingsvedtak i 1902 som bestemte at det skulle førast eit statleg tilsyn med folkeboksamlingane. Det skulle tilsettast ein bibliotekkonsulent i departementet som skulle føra kontroll med boksamlingane og gje rettleiing i faglege spørsmål. 

I 1935 kom den fyrste biblioteklova. Dei "harde 30-åra" var harde for folkebiblioteka også - med beskjedne statlege tilskot og trong kommuneøkonomi. Denne lova var ei rammelov utan klare økonomiske forpliktingar, men her fekk ein mellom anna lovfesta prinsippet om at alt utlån frå biblioteka skulle vera gratis.

12 år seinare fekk me ei biblioteklov med krav om folkebibliotek i alle kommunar og skolebibliotek i alle folkeskolar uansett elevtal og med minimumsløyvingar til drift av desse.

Biblioteka sine boksamlingar var då heilt nedslitte pga alt for små løyvingar gjennom ein mannsalder og uvanleg stor bruk gjennom krigsåra.

Ny, revidert biblioteklov tok til å gjelda frå 1972. Gjennomføringa av denne førte til ei tredobling av staten sine løyvingar til bibliotekføremål. Samtidig auka også dei kommunane løyvingane. Nå vart det mogeleg for mange å ta igjen det etterslepet som skuldast etterkrigstidas svake bibliotekutbygging.

Det viktigaste var kanskje dei organisatoriske endringane som lova medførte. Mange kommunar hadde fleire sjølvstendige bibliotekeiningar med kvar sine styrer og med forholdsvis laus tilknytning til det kommunale systemet. Med denne lova vart det gjennomført ei lokal samordning med eitt hovudbibliotek i kvar kommune , - med evt. filialar, - underlagt eit felles styringsorgan.

Her i Gjesdal hadde me bibliotek i Oltedal og i Frafjord. Dei vart nå organisert som filialar under hovudbiblioteket på Ålgård.

Frå starten i 1852 heldt biblioteket - saman med heile kommuneadministrasjonen, til inne ved Gjesdal-kyrkja, - omtrent der Bygdahuset står nå. Ålgård-samfunnet var så å seia 100% knytta til fabrikken med sine eigne samfunnsinstitusjonar: skole, kyrkje, post, bibliotek, …
Mot slutten av 1950-talet vart så Heradshuset bygd (Rettedalen 11). Kommuneadministrasjonen flytta til Ålgård i 1958 og biblioteket fekk plass i underetasjen der det heldt til heilt fram til i 2001.


Kopi frå Jærbladet 04.05.1976.
Gjengitt med løyve frå avisa.



Jærbladet skriv her om rivinga av den gamle kommunestova på Gjesdal i 1976.
Huset var opprinneleg skolehus på Lima, men vart flytta til Gjesdal og påbygt i 1926 som lagshus for Gjesdal ungdomslag mot at kommunen fekk bruka påbygget. Her hadde heradsstyret sine møte fram til 1935. Huset fungerte også som forsamlingshus for mange ulike aktivitetar i bygda.
Her heldt også biblioteket i Gjesdal til, - heilt til dei også flytta inn i det nye heradshuset på Ålgård i 1958.

Dei fyrste åra:

Eg var, som nemnt, den fyrste fagutdanna bibliotekaren i Gjesdal. Då var der mykje å ta fatt i for ei som var ung, nyutdanna og entusiastisk!
Bibliotektilbod til barn og unge hadde fått stort fokus på Statens bibliotekhøgskole. Difor var dette noko av det fyrste eg tok fatt i.

Fram til 1980 fekk t.d. ikkje barn eige lånekort før dei starta i 5. klasse. Nå skulle dei kunna få frå dei begynte på skolen. Alt som var av biletbøker, fekk plass i ein liten margarinkasse! Barnebøker vart difor prioritert i innkjøpsarbeidet framover. I årsmeldinga for 1981 skriv eg: «Ved hovudbiblioteket er lånartalet dobla dei siste 2 åra, bokstamma er rusta opp og utlånet har auka». Utlånsauken ved hovudbiblioteket på Ålgård var på heile 31 % i høve til året før og andelen utlånte barnebøker var på 57 % (mot 14 % i 1979). Det var tydeleg ei kjærkomen endring for brukarane av biblioteket.

I løpet av 1982 fekk biblioteket ei etterlengta utviding, frå 60 til 180 kvm!
Postkontoret på Ålgård heldt  til ved sida av biblioteket i underetasjen på «Heradshuset». Dette året opna Bergen Bank eit stort, nytt bygg på andre sida av parkeringsplassen (Rettedalen 7). Der var banklokale og lokale for postkontoret i fyrste etasje og diverse andre offentlege kontor i andre og tredje etasje.
Biblioteket fekk nå overta dei gamle postlokala i tillegg til sitt eige. Me fekk god plass til barne- og ungdomsbøker, me fekk plass til ei sittegruppe ved sida av avis- og tidsskrifthylla og krimbøkene fekk plass i den gamle kvelven til postkontoret (!) – og me fekk eige kontor. Luksus!
Sitat frå årsmeldinga for 1983: «Det har vor gledeleg å sjå den store auken i utlånet ved hovudbiblioteket i året som har gått. Det er tydeleg at dei større, meir trivelege lokala har gjort sitt til at folk nyttar seg meir av biblioteket.» … «Auken i utlånet ved hovudbibioteket i 1983 var på heile 35,5 % - Og ser ein på dei siste 4 åra, så er utlånet nesten dobla og talet på registrerte lånarar tredobla».
 
I starten var eg aleine som tilsett på biblioteket. Det betyr at eg hadde ansvaret for hovudbiblioteket på Ålgård (med tillegg av ei som var ekstrahjelp for å kunna ha ope kvar laurdag), ansvar for filialen i Oltedal (med ope to timar i veka) og for bokbilkøyringa.
Hausten 1981 fekk eg lysa ut ei ekstrahjelpstilling på 4 timar i veka. Ingeborg Bjelland såg oppslaget på «Forbruken» i Meierikrossen og fekk jobben! Bare 2 år seinare var stillinga auka til ¼ stilling og så gradvis til den 60 % stillinga ho har nå. Det betyr at ho har arbeidd nesten like lenge som eg på biblioteket: 38 år pr. hausten -19.
 
Utlånsauken stagnerte utover i 80-åra. Løyvingane til innkjøp heldt ikkje tritt med behovet.
Me såg at lokala snart vart for små og personalet var altfor lite i høve til aktivitet / folketal / utlån i kommunen.
Eit lite hjartesukk frå biblioteksjefen frå årsmeldinga for 1986: «Bibliotekleiaren har t.d. 74 % av tida si disponibel for hovudbiblioteket (resten fordelt mellom bokbilen og Oltedal filial). Av denne tida går halvparten til utlånsarbeid. Resten: 14 timar pr. veke fordelt på 4 dagar, kan brukast til alt det andre som skal gjerast: post, korrespondanse, arkiv, bokval / innkjøp / evt. innlån frå andre bibliotek, katalogisering / klassifikasjon, litteratursøking og referanseteneste, reparasjonar / magasinering / kassering av gamle bøker, anvisning og budsjettkontroll, statistikk, budsjettering, førebu saker til kulturstyret, m.m.m. Kort sagt: dei daglege rutinene. Dette går ut over nytenkning, planlegging og marknadsføring av biblioteket.»


Oltedal filial:

Filialen i Oltedal heldt til i andre etasje i eit gammalt bustadhus ved sida av brannstasjonen. Filialen hadde ikkje ope meir enn 3, seinare 2 timar ein ettermiddag i veka.
Torgrim Oltedal, maskinist ved kraftstasjonen i Oltedal hadde vore filialstyrar frå 1956 til 1975, deretter overtok biblioteksjefen ansvaret for filialen.
Utlånet auka fint på slutten av 70-talet, frå ca. 1.000 i 1975 til ca. 1.700 i 1980, men så ein nedgang til 1.300 i 1985.
Mot slutten av 1980-talet, var me ein del plaga av ein del bråk og uro på filialen. Bråkete barn/ungdomar skremde bort både andre barn og vaksne lånarar. I 1988 var utlånet heilt nede i 750 i løpet av eit heilt år.
Eg ga beskjed om at eg ikkje ønska å arbeida der lenger og foreslo at filialen skulle stengast.
Resultatet vart at Jette Ørstavik vart tilsett som filialstyrar frå våren 1989. Ho budde i dalen og kjente både barna og foreldra deira og takla desse utfordringane betre.
I juni 1989 vart filialen flytta opp til skolen i Oltedal og slått saman med skolebiblioteket der.
Kombinasjonsbiblioteket i Oltedal vart drive ut 1999. Boksamlinga vår for barn og unge vart då delt mellom skolebiblioteka i Oltedal og Dirdal. Ein del av bøkene for vaksne vart henta ut til hovudbiblioteket, mens noko sto att i Oltedal.

 

 

Filialen i Oltedal heldt til i andre etasje i dette huset fram til han vart flytta opp til skolen i 1989.
Foto frå 2021.

Filialen i Frafjord heldt til på det gamle skolehuset i dalen.
Bilete frå fotosamlinga ved Gjesdal folkebibiotek.

Frafjord filial:

Filialen i Frafjord heldt til på de gamle skolehuset i dalen. Sverre Løland var filialstyrar der i mange år, heilt til han gjekk av med pensjon i 1988.

I dag snakkar ein mykje om «meiropne» bibliotek og om biblioteket som møteplass. Kanskje var filialen her litt føre si tid: dei hadde ope kvar søndag kveld frå kl. 20-22 og var ein viktig møteplass (mest for mennene) i bygda! Sentrale styresmakter (Fylkesbiblioteket / Statens bibliotektilsyn) reagerte på denne opningstida. Det var ikkje lov å arbeida på søndagar! Resultatet vart at i alle rapporteringsskjema var den offisielle opningsdagen på onsdagar, mens ein heldt fram som før. Litt lokal sjølvråderett måtte ein kunna ha!

Frafjord hadde ikkje meir enn ca. 100 innbyggarar på 1980-talet. Det var ikkje så lett å halda filialen med eit breitt utval av bøker. Utlånet heldt seg på 3-400 bøker pr. år, det siste året bare 200.
Me gjorde forsøk med å finna folk som kunne/ville overta arbeidet i Frafjord, utan å lukkast.
Filialen vart lagt ned våren 1988 utan store protestar og erstatta av ei ny bokbilrute. Vurderingane i saksutgreiinga til Kulturstyret og Formannskap handla om at ein med dette ville kunna gi eit betre bibliotektilbod til innbyggarene i bygda og ei betre utnytting av ressursane enn ein eigen filial i ei lita bygd.
I vedtaket frå Formannskapet vart det lagt til fylgjande punkt: «Den gamle boksamlinga i Frafjord bør vurderes beholdt i dalen».
Me undersøkte ulike løysingar, men endte opp med å henta bøkene tilbake til hovudbiblioteket. Ein del vart kassert, resten vart fordelt på avdelingane på Ålgård og i Oltedal.

Utlånsstasjonar
Maudal og Sikveland har hatt eigne utlånsstasjonar, det vil seia at ein som budde i bygda kom og lånte bøker på biblioteket, hadde ein bokkasse ståande heime hos seg som naboar i grenda kunne koma og låna frå. Dette fekk dei ein liten kompensasjon frå kommunen for.
Utlånsstasjonen i Maudal vart lagt ned då bokbilen starta opp med ruter på 70-talet.
Utlånsstasjonen på Sikveland heldt fram til utpå 2000-talet.
Tordis Maudal og Kjellaug Fossfjell dreiv desse.
 

Tilbake til bokbilen:

Historia til bokbildrifta i Gjesdal går heilt tilbake til 1973. Då starta bibliotekleiaren på Ålgård og dei to filialstyrarane i Oltedal og Frafjord å køyra rundt i kvar sine distrikt med privatbilane sine med bøker i bagasjerommet. I 1975 og 1976 overtok hovudbiblioteket ansvar for dei to andre rutene, - framleis køyrde dei med privatbil.

I 1978 vart det så kjøpt inn ein eigen bokbil, ein Hanomag varebil, 1971-modell, med plass til ca. 700 bøker. Pris med innreiing: 25.000. Størrelsen på bilen vart vald med tanke på at han skulle ta seg fram på smale bygdevegar og kunna snu i tronge gardsrom.
Kommunen vart delt inn i 5 ulike ruter: 1: Gjesdal, Nevland, Madland, Ravndal. 2: Lima, Berge, Lomeland. 3: Kyllingstad, Nordås, Søyland. 4: Dirdal, Gilja. 5: Byrkjedal, Maudal, Øvstebødalen. Seinare kom også Frafjord til som ei eiga rute.

Det vart sendt ut tilbod om bokbilbesøk i posten til dei aktuelle distrikta, og på grunnlag av svar frå interesserte, vart rutene lagt opp. Då køyrte ein heim på tunet til folk. Det var vanskeleg å legga opp til faste stoppestader pga. lange avstandar og spreidt busetnad.

Kvar husstand fekk besøk ein gong i månaden, 8 månader i året (september – april).

Det kunne vera utfordrande nok å køyra bilen på vinterstid, - særleg turane til Maudal og seinare Frafjord. Men folk hadde forståing for at me ikkje kom når veret var for dårleg.

I 1980 hadde me 145 familiar/husstandar registrert som lånarar ved bokbilen. Gjennomsnittsutlånet pr. husstand låg på ca 40 bøker i året.

I 1984 fekk me finansiert ein ny bokbil med statstilskot - ein Renault Traffic.
Utover på 1980- og 90-talet såg me at bokbilen vart mindre brukt. Ingen nye lånarar kom til, folk var gjerne ikke heime på gardane då me kom på dagtid.
I løpet av desse åra gjekk utlånet ned frå 5.459 i 1979 til 3.360 i 1990 og 2.500 i 1997. Det blir meir enn ei halvering.

Etter EU-kontroll i 1998 viste det seg at kommunen måtte kosta på han 30-40.000 for å få lov å køyra vidare. Det vart eit påskot til å avvikla ordninga. Dei eldste brukarane av bokbilen, fekk likevel eit nytt tilbod om besøk ein gong i månaden i regi av «Boka kjem»-tilbodet me hadde i samarbeid med Frivilligsentralen. (sjå neste kapittel).



Bokbilen fekk eit nytt liv som "bobil" (!). Ein nevenyttig gjesdalbu overtok bilen, fekk sett han i stand, innreidde han som bubil og hadde glede av han i mange år.


 

 

«Boka kjem»

Etter at bokbildrifta var avvikla, erstatta me tilbodet med eit «boka kjem»-tilbod til eldre som kanskje ikkje hadde så lett for å koma seg til biblioteket.

Me køyrte heim til interesserte lånarar ein gong i månaden i samarbeid med Frivilligsentralen.

 

Foto: Stavanger Aftenblad

Her får 100 år gamle Marta Samslått i Dirdal nytt lesestoff av Sven Einar Lima frå Frivilligsentralen.


Arbeidsoppgåver dei fyrste åra

Det er rart å tenka på i dag, korleis arbeidsoppgåvene har endra seg gjennom desse åra. 
Noko av det fyrste eg gjorde då eg starta i jobben, var å få installert telefon (!) på biblioteket og kjøpa inn skrivemaskin og reknemaskin.
Då eg tok utdanninga mi på slutten av 1970-talet, fekk me tilbod om databehandling som valfag. Eg, som tok sikte på arbeid i folkebibliotek, tenkte at dette var ikkje aktuelt. Så feil kan ein ta! Frå midten av 80-talet var den fyrste dataterminalen for tekstbehandling og andre kommunale system på plass på kontoret og mot slutten av tiåret var me i gang med å registrera samlinga i eit biblioteksystem.
Bibliotek-kvardagen før dataalderen hadde ganske mange manuelle rutiner, ikkje minst knytta til vedlikehald av kortkatalogen som var alfa og omega i eit bibliotek. Katalogisering og klassifikasjon var grunnleggande fag fyrste åra i utdanninga. 
 

 



 



Det var ein "vitskap" korleis slike katalogkort skulle skrivast: store og små bokstavar, mellomrom, komma, kolon og semikolon på rett plass, opplysningar om forlag, årstal, sidetal, serie, pris, osv. skulle også med. Fagbøker skulle få sitt klassifikasjonsnummer etter Dewey sitt system, slik at alle bøker om same tema vart samla. Desse korta måtte skrivast – enten for hand eller på skrivemaskin. To eksemplar for ei skjønnlitterær bok, minst fire for ei fagbok + kanskje eitt til dersom boka høyrte til ein serie. Så skulle korta settast ned i katalogskuffene: eitt alfabetisk på forfattar, eitt på tittel + eitt på Deweynummer og minst eitt på emne for fagbok. Det tok mykje tid!




 Utlån: kvar bok som vart utlånt, måtte stemplast med forfallsdato på datotavla bak i boka og lånarnummer vart notert på bokkortet. På slutten av kvar dag måtte dagens utlån teljast opp, statistikken måtte registrerast, bokkorta sorterast etter forfattar og/eller Dewey-nummer og oppbevarast ordna etter forfallsdato til boka vart innlevert att. Dersom bøkene ikkje vart levert i tide, måtte me skriva postkort med påminning for hand eller på maskin. Mykje arbeid!

Etter dataalderen var alt dette arbeidet automatisert. Alt me ville ha av statistikkar og rapportar, purrebrev og hentebrev kunne hentast ut frå datasystemet. - Og ikkje minst kunne folk nå få kvittering med oversikt over alt dei hadde lånt. - Eller få svar på om de hadde levert alt.

Kortkatalogen kunne kastast. Alle bøker og andre media blir i dag registrert sentralt og informasjonen blir overført til datakatalogane til det enkelte bibliotek. Desse er tilgjengelege for alle på nett, folk kan søka og bestilla både i eige bibliotek og i felleskatalog for alle bibliotek i heile landet. Litt av ei utvikling!

Nå kunne den tida me før brukte på manuelt rutinearbeid, heller brukast på formidling av samlinga: presentasjonar, utstillingar, forfattarbesøk og andre arrangement.

Fotosamling

På 1980-talet gjorde Gjesdal kommune, saman med Statsarkivet, ein stor jobb med å samla inn gamle fotografi frå kommunen. Statsarkivet fotograferte av dei gamle bileta og tok vare på negativa. Papirkopiar var montert på fotokort saman med opplysningar om bileta. Biblioteket var med på dette innsamlingsarbeidet, - og mykje av etterarbeidet var gjort hos oss. I starten kunne folk koma og bla i permar med fotokort. I løpet av dei fyrste åra etter innflytting i Veveriet, fekk me hjelp av Geir Einarsen til å skanna bileta for å gjera dei tilgjengelege digitalt: fyrst via bibliotekprogrammet vårt (Mikromarc) og seinare, frå ca. 2010, via fotonettsida Flickr. Då er plutseleg samlinga med nær 2000 gamle gjesdalbilete tilgjengeleg for heile verda! - Spennande å få tilbakemelding t.d. frå Argentina frå ei som har funne bilete av slektningar i Gjesdal!

Informasjonsarbeid, ny teknologi og nye oppgåver på 90-talet.

Det fyrste biblioteket som tok i bruk datateknologi i Rogaland var, naturleg nok, Stavanger. Dei starta opp med stormaskinsystemet ”Media” som vart drifta av  Rogalandsdata på Ullandhaug i 1981. Etter kvart kopla dei fleste biblioteka i fylket seg på same system, Klepp som eitt av dei fyrste, litt mindre, biblioteka i 1982/-83. Gjesdal gjekk ikkje inn i dataalderen før i 1989, men då me fyrst kom i gang, har me vore i fremste rekke i den teknologiske utviklinga på biblioteka i fylket.

”Media” framsto etterkvart som eit gammaldags system og då det viste seg at det ikkje takla overgangen til år 2000, gjekk me - saman med dei fleste andre små og mellomstore biblioteka i sør-fylket - over til Mikromarc i 1999.

Rundt 1990 såg ein eit nytt fokus på service, brukarfokus og informasjonsformidling både i kommunenorge og i biblioteknorge. Mange i bibliotekmiljøet såg dette som ei vidareføring av biblioteket si rolle m.o.t. folkeopplysning
I 1992 kom ei ny kommunelov som m.a. la vekt på informasjonsarbeid. § 3 slo fast dette: "Kommuner og fylkeskommuner skal drive aktiv informasjon om sin virksomhet. Forholdene skal legges best mulig til rette for offentlig innsyn i den kommunale og fylkeskommunele forvaltning."  

I 1992 tok me det fyrste steget med å ta i bruk ny informasjonsteknologi retta mot publikum. Me fekk på plass en PC med CD-ROM og kunne nå tilby desse tenestene:

  • Informasjon om skole, kurs og ledige stillingar (SOFAKS)
  • Tilgang til NTB sin nyhetsdatabase
  • Tilgang til Datatorget (elektronisk telefonkatalog, ny statistikk, m.m.)
  • CD-ROM med leksikon, statistikk og bibliografiske hjelpemiddel 

Statens bibliotektilsyn var ein pådrivar for å legga til rette for at dei lokale biblioteka kunne ta i bruk ny teknologi. Mellom anna fekk me subsidierte tilgangar til ulike datatenester for publikum.
I ein artikkel i Stavanger Aftenblad i samband med «Bibliotekets dag» i september 1992, skriv dei: «Biblioteket i Gjesdal er forøvrig ett av de folkebibliotekene i Rogaland som i tillegg til Stavanger bibliotek, er kommet lengst i å utnytte den nye informasjonsteknologien.»
Me fokuserte på at biblioteket skulle vera eit informasjonssenter i kommunen.

Kommuneleiinga såg at biblioteket hadde kompetanse på informasjon: innhenting, organisering og formidling. Me hadde ein "låg terskel" for innbyggarane. Det var mykje lettare å gå på biblioteket for å spørja om noko som hadde med offentleg forvaltning å gjera, enn å gå på Storahuset (rådhuset). 
Hausten 1993 søkte me om prosjektmidlar både hos Statens bibliotektilsyn og hos Kommunenes Sentralforbund. Prosjekttittel: "Biblioteket som kommunens informasjonsformidlar". Her la me vekt på behovet for å organisera ei informasjonsteneste som fungerte i forhold til nye krav. Kommunen ville legga vekt på å bygga vidare på den kompetansen som alt fantes på biblioteket og samla alt ansvaret for informasjonsarbeidet der. Det vart peika på 3 hovudpunkt for arbeidet: Forvaltningsbibliotek, lokal opplysningsteneste og aktivt informasjonsarbeid. 
Me søkte om støtte til ei ny stilling som informasjonsmedarbeidar som skulle vera knytta til biblioteket.
Gjesdal fekk diverre inga støtte til prosjektet. Biblioteket fekk ingen ny medarbeidar, men me arbeidde vidare med informasjonsarbeid i litt mindre skala.

Alt i 1996 fekk biblioteket  internett – som den fyrste – og ei stund den einaste – i kommuneadministrasjonen. Det vart teke opp eit punkt i rådmannen sitt framlegg til budsjett, at fleire i administrasjonen skulle få slik tilgang. Dette vart nedstemt av politikarane. Dei meinte det var nok at biblioteket hadde! Det er eit godt eksempel på kor kort levetid ei sanning på IKT-området har!

Hausten 1998 plasserte arbeidsmarknadsetaten ut ein internettmaskin for publikum i biblioteket. Gjesdal hadde hatt eige arbeidskontor nokre år, men denne hausten vart det lagt ned. Nå kunne folk søka etter oppdatert informasjon om ledige stillingar på biblioteket.

Hausten 1999 lanserte biblioteket si fyrste heimeside på nett. Her kunne folk finna informasjon om tenestene våre, søka i bokdatabasen og reservera bøker via nettet.

På slutten av 1990-talet var biblioteket tett knytta til kommuneleiinga. Rådmannen var næraste overordna til biblioteksjefen. Han såg, som nemnt, at biblioteket sat på ein kompetanse som kunne koma fleire til nytte. Eg fekk ansvaret for informasjonsarbeidet i kommunen. Det vart utarbeidd ein strategiplan for informasjon i Gjesdal der biblioteket var sentralt, biblioteket hadde ansvaret for ei side med kommunal informasjon kvar månad i Gjesdalbuen og biblioteksjefen laga den fyrste, enkle, heimesida til kommunen. Den vart lansert like før kommunevalet i 1999. Me fekk lagt ut valresultatet så snart det var klart om kvelden valdagen. Det var spennande å fylgja med på kor mange «klikk» me fekk!

1990-talet: Rasfare. «Mens vi venter …..»

Elles var 1990-talet prega av stagnasjon og frustrasjon. Lokala som var nye og flotte bare 10 år tidlegare, var nå håplaust utdaterte i forhold til den tids standard for biblioteklokale.  Alt i 1987 vart det lagt fram ei sak for politikarane om rombehov for biblioteket på Ålgård. Me hadde 170 kvm. Rombehov etter Statens Bibliotektilsyn sine normer vart sett til 500 kvm!

Politikarane såg nok utfordringane me hadde og var opptekne av å finna ei løysing for biblioteket, men økonomien sette grenser. I 1992 ba ordføraren om at det vart lagt fram ei sak for formannskapet om styrking av bibliotektenesta i kommunen. Planen, med vekt på bibliotektilbodet til barn og unge, vart lagt fram same hausten.

1990-talet vart ei tøff tid både for brukarane av biblioteket og for oss som jobba der. Overfylte hyller, leseplassar for studentar forsvann under høge bokstablar, kutt i budsjetta, der var ingen plass til arrangement, skoleklassar måte koma på besøk utanfor opningstid og arbeidsforholda for oss tilsette var heller kummerlege.
Det var ikkje mogleg for oss å søka om noko slags prosjektmidlar utanfrå. Me hadde verken plass, personale eller økonomi til meir enn det absolutt nødvendige. Folk viste heldigvis forståing for situasjonen mens dei venta på at me skulle finna den boka dei spurte etter: kanskje på hylla, kanskje i ein haug på golvet eller på eit bord eller oppå reolen. Imens utvikla me ein ganske god porsjon galgenhumor som me måtte ha for å overleva.
På denne tida laga me m.a. skiltet "rasfare" med bøker i fritt fall. Gjesdalbuen og Stavanger Aftenblad fulgte opp og laga fleire reportasjar.
Det vart stagnasjon for utviklinga av biblioteket. Tronge vilkår førte til at me låg på botnen av dei fleste bibliotekstatistikkar i Rogaland: kommunale løyvingar i forhold til innbyggartal og utlån pr. innbyggar - som heng klart saman med plass og økonomi.

 


 

Dette bordet skulle eigentleg vore ledig som leseplass for studentar ....

 Overfylte hyller! Me venta og venta – og venta på nye lokaler. Fleire alternativ vart sett på, men til slutt satsa kommunen på Veveriet – etter sterkt press frå aksjonsgruppa Veveriets venner. 

  


    Rasfareskilt

 


Frå Gjesdalbuen, sept. 1998

I 1987 planla Ålgård Bygg eit nytt forretningssenter: «Hølensenteret» (omtrent der Amfi-senteret er i dag) og var interessert i å få inn leigetakarar. Rådmannen fann ikkje rom for leigeutgifterne i handlingsplanen for dei neste 3 åra og la saka fram for politikarane til drøfting.
Året etter vurderte me plasseringa i Heradshuset som ideell og peika på lokala til Brannstasjonen som låg mellom biblioteket og Ålgård skole. Krossenbygget vart vurdert etter at matbutikken der flytta ut. Mot slutten av 1990-talet vart nytt bu- og aktivitetssenter planlagt og bygt i sentrum (ÅBOAS). Kunne biblioteket få lokale i underetasjen der? (Omtrent der me heldt til mens Veveriet var bygt om 2018/-19.)

Det var likevel DFU-bygget / Veveriet som var den store draumen.....

VEVERIET

I 1993 var det slutt på all produksjon ved den tradisjonsrike DFU-fabrikken på Ålgård. Den markante raude teglsteinsbygningen midt i sentrum vart også tømt. Den hadde dei siste åra husa "bo-shop", gardinbutikk og møblebutikk med distriktet sitt største utval av furu-møblar. Butikkane flytta til spinneribygningen (som nå huser Norwegian Outlet). Møbelbutikken flytta seinare (1996) inn i underetasjen i Krossensenteret.
Gjesdal kommune kjøpte bygningen i 1994 med tanke på at biblioteket skulle få nye lokale i 1. etasje.
Godt me ikkje visste då at innflytting ikkje skulle skje før 7 år seinare!

Saka om Veveriet vart ein gjengangar i kommunale sakspapir, i avisspaltene og folk imellom. Mange var skeptiske etter at Storahuset, den gamle administrasjonsbygningen til DFU, vart bygd om til kommunale kontor / "rådhus" midt på 1980-talet. Kostnadene vart svært mykje høgare enn budsjettert, og nå var mange redde for at det same ville skje med Veveriet. Selg - eller riv huset! - meinte mange.

Imens vart det arbeidd med planar for ombygging og finansiering. Eg var sjølv med i planleggingsarbeidet der eg etter kvart vart sekretær for prosjektgruppa og fekk ansvar for søknadsskriving for å skaffa ekstern økonomisk støtte.

Veveriets venner - ei gruppe entusiastar som arbeidde aktivt for å redda Veveriet, var etablert. Dei gjorde ein stor innsats for å få til det resultatet me fekk.
I 1999 var det bestemt å etablera eit aksjeselskap der kommunen gjekk inn med kapital + inviterte næringsliv og privatpersonar til å teikna aksjer.
Resultatet vart at 3 næringslivsleiarar (Njål Østerhus, Tom Bjarte Norland og Dag Leo Martinsen) gjekk saman med kommunen om å danna Veveriet AS der kvar hadde ein eigardel på 25%. Fyrste etasje + arbeid for å sikra ein tett bygning, skulle prioriterast i fyrste omgang. Kommunen forplikta seg til å leiga lokala i fyrste etasje til bibliotek og møterom / kommunestyresal.

Så kom den konkrete planlegginga av biblioteklokala. - Ein spennande prosess å få vera med og utforma sin eigen arbeidsplass. Her kunne me tenka gjennom alle funksjonar og arbeidsoppgåver heilt frå grunnen. Kva fungerer, kva fungerer ikkje? Kan me tenka heilt nytt? Eitt resultat av denne prosessen, var at den tradisjonelle skranken forsvann. Me ville ikkje ha den sperren mot publikum. Folk som kjem og skal ha hjelp, må kunna stå ved sida av oss ved dataskjermen for å finna fram til rett bok eller rett informasjon. Me hadde eit godt samarbeid med interiørarkitekt frå Biblioteksentralen (den leiande leverandøren av bøker, utstyr, inventar og tenester til norske bibliotek). 
Her skulle me få god plass til litteraturformidling. I tillegg skulle biblioteket endeleg få plass til å fungera som den sosiale møteplassen me ønska oss. Mine tankar om møteplassen frå 20 år tilbake, er like aktuelle i dag. Her er eit utdrag frå talen min ved opninga:  Me får eit samfunn der me ofte blir plassert - eller plasserer oss sjølve i båsar. Me omgås stort sett folk som er like oss sjølve: ungdom for seg, eldre for seg, dei med ulike interesser har kvar sine møteplassar. På biblioteket kan ein koma i kontakt med folk ein aldri ville ha truffe andre stader. Me har bruk for slike stader i eit lokalsamfunn. Du treng ikkje ha noko ærend, bare ha ein plass å vera for ei stund, kanskje få med deg ei oppleving i møte med ei bok, eit kunstverk, ei utstilling, eit anna menneske...


13. august 2001: endeleg på plass i Veveriet!



 

 

 På flyttefot.

 Siste innspurt! Faksimile frå Gjesdalbuen.
 Foto: Eugen Hammer.


 

 VEVERIET!

Ein staseleg, gammal industribygning frå 1898 frå Ålgård Uldvarefabrik - sinare DFU (De forenede ullvarefabrikker).

Her fekk me biblioteklokale med sjel og masse historie i veggane!

Folk strøymde til det nye biblioteket. Både me tilsette og brukarane var svært nøgde med resultatet. Stor stas på opningsdagen: huseigar/byggherre, politikarar og administrasjon i kommunen, me som hadde vårt arbeid på biblioteket, Veveriets Venner + andre innbedne gjester møttest til smørbrød, kaffi og kaker, talar og gåver. 

Det vart ein ny kvardag for oss. Utlånet auka kraftig, skoleklassar ville på besøk for å få lesetips og låna bøker og grupper frå barnehagane kom jamnleg innom.

4 PCar for publikum var på plass i lokalet og var i bruk stort sett konstant. Dette var ennå tidleg i "internett-tidsalderen". Ikkje mange hadde nett med brukbar hastighet heime. Dei vaksne kom for å sjekka epost, bruka internett, skriva ut dokument, etc. og ungane kom for å spela på data. Alle fekk ein halvtime kvar. Ingen forskjell på barn og vaksne. Det var det nok nokre vaksne som stussa litt på...

Omtrent samtidig med at me flytta inn i Veveriet, vart det etablert asylmottak i kommunen. Det ga ekstra stor pågang hos oss! Det er positivt at alle ser på biblioteket som ein nøytral institusjon med "låg terskel". Det som fyrst og fremst var etterspurt var PC-bruk: epost og nytt frå landet dei flykta frå. 
I periodar kunne det nok kjennast som me "drukna" i oppgåver som ikkje i utgangspunktet var bibliotekoppgåver: me var køordnarar for PC-ane, norsklærar, skrivehjelparar, sosialarbeidarar, barnevakt, oppdragarar.... Men det var også ei positiv erfaring. Me fekk utvida horisonten og vart kjende med mange kjekke folk!


Meir informasjonsarbeid

I tråd med det fokuset biblioteket i fleire år hadde hatt med omsyn til å framstå som eit informasjonssenter for publikum, var det også naturleg å vera frampå då kommunen måtte finna ein ny stad for turistinformasjon på Ålgård. Frå sommaren 2005 fekk me dette ansvaret. Kommunen bidrog med ei godtgjersle for arbeidet, og dermed kunne me tilsetta sommarvikar og halda ope heile sommaren (tidlegare måtte me stenga nokre veker pga ferieavvikling). Me vart ei underavdeling av turistinformasjonen i Sandnes og fekk opplæring og brosjyrer frå dei.
I tillegg til informasjon og brosjyrer, fekk turistane her også tilgang til publikums-PCane me hadde og kunne også få sjekka epost, nettavis, etc.

Stadig er turistar innom for å spørja etter overnatting, turar i nærområdet - eller vegen til Preikestolen (!)

Same året (2005) etablerte Forbrukerrådet eit samarbeid med 8 kommunar i Rogaland for å kunna tilby forbrukarhjelp nærare publikum. Me i Gjesdal ville gjerne vera med. Me fekk god opplæring frå Forbukerrådet, eit godt utval av brosjyrer og tilgang til ei nettside med mykje informasjon + diverse malar for klagebrev etc.
Ordninga varte 4-5 år – til Forbrukerrådet slutta å oppdatera nettside og brosjyrer.

Etter 10 år i Veveriet, oppsummerte eg desse åra slik:

Laurdag 13. august er det 10 år sidan Gjesdal folkebibliotek flytta inn i Veveriet på Ålgård. Det vart ein etterlengta innflyttingsfest! I nær 10 år hadde biblioteket merka eit stadig meir påtrengande behov for større lokale enn underetasjen i det gamle Heradshuset på Ålgård kunne tilby. Altfor få kvadratmeter sette grenser for aktiviteten, bokhyllene vart etter kvart overfylte og ”rasfare”-skilt vart sett opp (med fare for bokskred 😊).

Fleire ledige lokale i Ålgård sentrum vart vurdert, men økonomien sette ein stoppar for dei ulike planane. Etter kvart vaks det lokale engasjementet for å ta vare på det gamle Veveriet. Plassering av folkebiblioteket her, vart ein fin måte å skapa liv i bygningen.

Gjesdal fekk i 2001 eit av dei flottaste biblioteka i Rogaland, eit bibliotek med ”sjel”, - med historie i veggane. Historia viser att i ulike utstillingar av bilete og museumsgjenstandar frå DFU-fabrikken.

Innflytting i Veveriet vart starten på ein ny epoke i bibliotekverksemda i Gjesdal. Endeleg hadde me plass til å visa fram det me hadde. Ikkje minst kunne biblioteket bli den aktive møteplassen i Ålgård sentrum som me hadde sakna. Her skulle det være lett å stikka innom - uavhengig av alder, kjønn og spesielle interesser.

Folk i Gjesdal har teke godt imot det nye biblioteket sitt. Kommunen har ei ung befolkning med ein stor prosentdel barn og unge. Biblioteket har satsa spesielt på å gje desse eit godt tilbod. Statistikken viser då også at utlånet til denne gruppa har gått opp med nesten 70 %. Året før me flytta (i år 2000) lånte me ut 6,6 bøker pr. barn frå 0 til 13 år. I 2010 lånte me ut 11,1 bok pr. barn. Gjennomsnittet for Rogaland har vore nokolunde stabilt desse 10 åra på ca. 10 bøker pr. barn. Til samanlikning låner biblioteket ut 2 vaksenbøker pr. innbyggar frå 14 år og oppover. Fylkesgjennomsnittet her er 2,6 bøker, så her har dei vaksne gjesdalbuane litt å ta att! Utvalet er stort og variert, så her skulle vera litt for ein kvar smak.

 Den største endringa desse 10 åra ser me på utlånet av ”andre media”, dvs. musikk, film og lydbøker. I år 2000 lånte me ut 1360 lydbøker. I 2010 lånte me ut ca. 5300 lydbøker. Det blir ein auke på nesten 300 %! Det er særleg dei vaksne som dei siste årene har oppdaga lydbøkene.

 10-årsjubiléet vart markert med kaffi og kaker til dei som kom innom.

BIBLIOTEKTILBODET TIL BARN

Kommunen har heilt sidan 1980-talet og den store interkommunale bustadbygginga, hatt ei ung befolkning med stor del barn og unge (ca. 30% under 16 år). Biblioteket har i mange år satsa spesielt på å gje desse eit godt tilbod. Statistikken viser då også at utlånet til denne gruppa har gått opp med nesten 70 %. Året før me flytta til Veveriet (i år 2000) lånte me ut 6,6 bøker pr barn fra 0 til 13 år. I 2017 (siste heile året før me flytta til midlertidig lokale) lånte me ut 12,4 bøker pr. barn. 

 ”Bok i butikk”

Alt i 1984 starta me eit forsøk med utlån av bøker på nærbutikken. Me gjorde avtalar med butikkane på Gilja og på Opstad-feltet på Ålgård. Det var barn i førskolealder som var målgruppa vår. Dette med bakgrunn i kor viktig det er å etablera gode lesevanar så tidleg som mogeleg. Gratis utlån av biletbøker samtidig med at mor eller far gjorde innkjøp av daglegvarer, kunne vera vårt bidrag til dette. Tilbodet var basert på sjølvbetjening, difor hadde me ikkje full oversikt over bruken, men me hadde inntrykk av at det vart sett pris på.

Tilbodet varte 3-4 år, - til butikkane ga tilbakemelding om at dei hadde bruk for plassen sjølv.

 


Foto: Stavanger Aftenblad

Barnebibliotekar

Me hadde i fleire år ønska oss ein ny tilsett som kunne ha ansvaret for bibliotektilbodet til barn og unge.
Hausten 1993 fekk me tilsett den fyrste barnebibliotekaren, Olava Nødland, i 40 % stilling, - snart utvida til 50 %.

Frå 01.01.97 overtok Randi Jøntvedt denne stillinga. Ho kom frå stilling som lærar ved Ålgård skole med ansvaret for skolebiblioteket der. Ho hadde dermed god kunnskap om barnelitteratur og var ein flink formidlar. I tillegg kunne ho «stammespråket» i skolane og fekk snart etablert eit godt samarbeid med skolane i kommunen.

 


 


 Randi har ein skoleklasse på besøk i det gamle biblioteket.

 Feiring av «Bamsedagen» med Bamsemums og
bamsefilm på video.

Samarbeid med Helsestasjonen

I 2007 starta me opp eit samarbeidsprosjekt med Helsestasjonen. Alle som kjem til 2-års-kontroll på Helsestasjonen får eit gavekort på ei bok. Denne må hentast på biblioteket. Saman med gavekortet får foreldra ei brosjyre som seier noko om kor viktig det er å starta tidleg å lesa for barna.

”Den store leselaurdagen”

Same året (2007) starta me opp ei årleg markering av ”Den store leselaurdagen” den 3. laurdagen i september. Litt tilfeldig valde me same dagen som brannverndagen blir markert med open brannstasjon. Det viste seg å vera eit godt val. Det er blitt den store foreldre-og-barn-dagen for småskolebarna med besøk både på brannstasjonen og biblioteket.

Til denne dagen har me invitert alle 1. til 4.klassingar i Gjesdal (med foreldre) til biblioteket. 1. klassingane får sitt eige lånekort + stempelkort der dei får eit nytt stempel kvar gong dei er på biblioteket for å låna bøker. Undervegs vankar det små premiar før dei som fullfører med 12 besøk i løpet av vinteren, får ein bokpremie: litt ekstra motivasjon som stimulerer leselysten.

Dei fyrste 11 åra vart dette gjennomført saman med lærarar knytta til SOL-prosjektet i Gjesdalskolen. Me hadde fokus på leselyst, dei hadde fokus på kva nivå ungane var på i lesinga og kunne anbefala bøker med bakgrunn i det. I 2018 trekte diverre skolen seg frå dette samarbeidet.


 
Barnehagebiblioteket

Alt i 1994 starta me eit samarbeid med barnehagane i kommunen. Me brukte bokbilen til å køyra rundt til dei 5 barnehagane på Ålgård ein gong i månaden. Me tok med oss bokkassar med ca. 100 bøker kvar gong. Ungane fekk god tid til å bla i bøkene og til å velga ut dei bøkene dei ville låna til neste gong.
Denne ordninga varte til bokbilordninga vart avslutta i 1998.

I 2010 overtok Rakel Jøntvedt stillinga som barnebibliotekar. I samarbeid med skolekontoret, fekk me utvida stillinga til 100 % der 30 % skulle brukast for å støtta skolebiblioteka i kommunen. Me overtok m.a. ansvaret for skolebiblioteket på Gjesdal ungdomsskole som vart flytta ut frå eit bomberom til ein open mesanin og vart med dette meir tilgjengeleg og meir brukt. Denne oppgåva fekk Bjørn Veen hos oss. Rakel hadde eit par år ansvaret for skolebiblioteket på Bærland skole.

Hausten 2011 vart det etablert eit samarbeid mellom folkebiblioteket og barnehagane i kommunen (både kommunale og private). Barnehagane overførte kr. 1.000,- pr. år pr. avdeling til biblioteket (ca. kr. 45.000). For desse pengane bygde me opp ei boksamling som skulle sirkulera mellom barnehagane. Me laga bokkassar som var skifta ut etter ønske. I samband med utskiftinga, hadde me ei lesestund i barnehagen.

Det vart eit vellykka tiltak. Ungane hadde alltid bøker tilgjengeleg, det var eit høgdepunkt kvar gong me kom på besøk og mange tok med seg foreldra til biblioteket for å besøka «bokdama» og låna bøker.

 


  

 


 Foto frå Gjesdalbuen 2015 (Kristine Steinsland). Ordføraren var med på barnehagebesøk. Overskrift: "Bibliotekaren er superstjerne i barnehagen" 😊

 Her er ein av barnehagane på besøk i biblioteket.

"Leselyst på tvers"

Oppstart: 2002: Me ”adopterte” 1. og 5. klassane på dei to skolane. Me ville bygga vidare på fadderordninga som var etablert på skolane, der 5. klassingane fekk eit spesielt ansvar for å ta seg av 1. klassingane frå dei tok til på skolen. Nå skulle faddarar og ”fadderbarn” også samlast rundt boka.

Fokus i prosjektet var leselyst. Her skulle ikkje vera lesetvang, ikkje referatskriving eller bokmeldingar. Me hadde tru på at god tilgang til gode bøker skulle gi ungane lyst til å lesa. Det var viktig å forsyna klassane med mange gode bøker! Det vart kjøpt inn ca. 700 bøker som passa for dei to alderstrinna. Desse vart fordelte på - og sirkulerte mellom klassane som var med i prosjektet.

Eg kjem tilbake til meir om dette seinare under avsnittet "Prosjekt med ekstern pengestøtte"

Ny barneavdeling

I tråd med satsinga vår på barn og unge, valde me etter ca. 10 år i Veveriet, å flytta og gje barneavdelinga mykje betre plass - innerst i lokalet. 
Då me flytta inn, var dette område lagt nær skranke og foajé. Logisk tenkt. Her kunne det gjerne vera litt lyd, så vart det meir stille innover i lokalet. Etter kvar som aktiviteten for barn auka, vart plassen altfor liten.
Ungane fann seg fort til rette på ny plass!

 

Her vart det god plass! 

 

 

 

 


Portalen inn. For låg for dei vaksne. Dei måtte gå rundt.

 


Populært "lesehjul".
Fint å krypa inn i.



********************************  

Aktiv formidling

Ved budsjettbehandlinga før jul 2007, vart det funne midlar til ei ny stilling på biblioteket. Stillinga vart lyst ut i januar -08 og 1. april starta Bjørn Veen i jobben. Det vart ein auke i bemanninga på heile 45%!
Så snart ein ny medarbeidar var på plass, kunne me utvida opningstidene. Frå 1. april auka me frå 29 timar til 41 timar pr. veke. Nå kunne biblioteket ha ope frå kl. 10 til kl. 18 frå måndag til torsdag, kl. 10-15 på fredag og kl. 10-14 på laurdag.
I løpet av sommaren vart det gjort ein stor jobb med vedlikehald av mediesamlinga. Ca. 5.500 bøker vart kassert. Dette var gamle, slitte, uaktuelle bøker, - bøker som hadde stått i hyllene i fleire år utan å bli lånt. Ca. 20% av skjønnlitteraturen for vaksne vart kassert, ca. 10% av faglitteraturen for vaksne og ca. 10% av barnebøkene.

Klart for boksalg!

Me fekk meir tid til aktiv formidling - som kan foregå på mange måtar: i samtalen mellom lånar og den bibliotektilsette, på nettsider og ved utstillingar i bibliotekrommet. Mange veit ikkje heilt kva dei vil ha når dei kjem, bare «ei god bok» - eller ti! Dei går langs hyllene for å leita. Då er det om å gjera å ha god nok plass til å stilla ut bøker med framsidene ut, - eller laga temautstillingar om aktuelle saker.

Bjørn fekk raskt ansvaret for utstillingar og andre formidlingstiltak i biblioteket. Han fekk også arbeidet med ny nettside, sosiale media og bibliotektilbodet til ungdom (inkl. tilbodet vårt av dataspel). 
Gjesdal ungdomsskole har i nokre år kjøpt bibliotektenester av oss. Det betyr at Bjørn har hatt ca. 20% av arbeidstida si på skolebiblioteket der.

Med meir aktiv marknadsføring, vart det også behov for eigen logo:

 

 

 


 Den fyrste: svært «heimelaga» men med tydeleg inspirasjon frå Veveriet

 Øystein Nybø, Solås skole, vidareutvikla logoen med utgangspunkt i bøker og Veveriet.

 Firmaet GDM på Forus finpussa logoen då dei laga løysing for infoskjermen i foajéen for oss.

Illustratøren Therese Eide frå Bergen tok på seg oppdraget med å laga illustrasjonar til barnesidene då dei nye nettsidene våre vart laga. Inspirasjon: Gjesdal som sauekommune, jfr. vêren i kommunevåpenet:

 


 




**********************************************

NYE ROLLER DEI SISTE 10 ÅRA

Eg har tidlegare nemnt at tilbodet biblioteka gir, ofte blir påverka av statlege føringar / prioriteringar. Elles er det sjølvsagt avhengig av kommunal økonomi, lokale forhold og interesser til dei tilsette. 
Frå 2010 vart Staten sitt ansvar for folkebiblioteka overført til Nasjonalbiblioteket som tok ein stadig meir offensiv rolle i dette arbeidet. Dei fekk m.a. utarbeidd den fyrste versjonen av Nasjonal bibliotekstrategi 2015 - 2018. Her vart det peika på Staten sitt ansvar og oppgåver for å bidra til utvikling av framtidsretta bibliotek, - med vekt på fellesløysingar og med styrking av prosjekt og utviklingsmidlar. 
Lov om folkebibliotek vart endra i 2014 der m.a. eit nytt punkt kom inn i formålsparagrafen: "Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt".  
Her fekk ein eit styrka fokus på biblioteka som ein stad for samlingar og utlån - til ein møteplass med aktiv formidling. Departementet peika i forarbeidet på at det at biblioteka er uavhengige, er viktig for å fylla funksjonen som demokratisk arena, tilgjengeleg for alle.

I Gjesdal har me prioritert arrangement for barn, heilt sidan me fekk plass til det i Veveriet. Det har blitt populært og vellukka. Det har ofte kome 100 - 150 små og store på desse laurdagsarrangementa. 
Det har vist seg å vera litt meir vanskeleg å lokka dei vaksne ut på arrangement, men me har hatt nokre fine forfattarkveldar.

Hos oss har Bjørn hatt ansvaret for å utvikla nokre av dei nye tenestene, m.a. når det gjeld dataspel. Det vart tidleg kjøpt inn diverse PC-spel til utlån. Etter kvar vart det utvida til Playstationspel både til utlån og til spel-økter som vart arrangert på biblioteket. 
I tillegg blir nå norskproduserte dataspel kjøpt inn av staten og gjort tilgjengelege for bruk på biblioteket via Norsk filminstitutt.
Fylkesbiblioteket kjøpte inn VR-briller og ba oss testa ut desse for bruk i biblioteket.

Program for "offentlig samtale og debatt", som biblioteklova legg opp til, har me bare prøvt oss på ein gong. Det var i 2016, i samband med at Gjesdal kommune erklærte seg som "Smart City" - eller "Smart Gjesdal". Me hadde invitert professor Per Gunnar Røe frå Universitetet i Oslo som var litt skeptisk til dette nye omgrepet. Var det bare "keisaren sine nye klede"? Ordføraren haddeinnleiing frå kommunen si side. I tillegg fekk me gode eksempel på bruk av smart teknologi innanfor velferd. Me fekk ein god debatt, men kunne nok ha ønska oss litt fleire folk.... 

Møteplassen som nemnt i biblioteklova, vart det lagt godt til rette for i ombygginga av Veveriet i 2018-19. Her har me fått høve til kafédrift og god plass til arrangement i tilknytting til biblioteket i 1. etasje. 
Endeleg fekk me liv i heile huset! Nå er Kulturskolen, Ungdomshuset, Kulturkontoret, norskopplæring og flyktningeteneste samla her i tillegg til biblioteket. 
Ombygginga førte med seg at me måtte finna ein midlertidig plass å vera eit års tid. Me hadde m.a. ein dialog med Amfi-senteret om eit lokale der. Me hadde fått svært begrensa areal,men det var ein spennande tanke å plassera biblioteket midt i mylderet på eit kjøpesenter! Økonomien bremsa oss. Me fekk i staden midlertidige lokale i underetasjen til Ålgård bo- og aktivitetssenter. Det fungerte godt. Det var sentralt plassert, like ved det nye torget. Me fekk bare med oss ca. 1/4 av bøkene, så det vart mange turar fram og tilbake til Veveriet for å henta i løpet av dei 15 månadene, men det fungerte!

*********************************

PROSJEKT MED EKSTERN PENGESTØTTE

Breiband (2001)

Total prosjektstøtte: kr. 300.000

I 2001 lyste Staten ut prosjektmidlar for å få fortgang i arbeidet med etablering av høghastighetsnett i kommunane – kanalisert gjennom biblioteka for ”å synleggjera biblioteka som ein ressurs både for kommuneadministrasjonen og for næringslivet.” Dette passa godt inn med flyttinga til Veveriet!

Gjesdal fekk kr. 200.000,-. Saman med kr. 100.000,- frå det kommunale næringsfondet fekk ein etablert breidbandssamband til det nye biblioteket og til resten av kommuneadministrasjonen. Seinare vart også skolane knytta til det same nettet.

I tillegg dekka prosjektet 7 PC-ar med internettforbindelse for brukarane av biblioteket, 10 kursmaskinar for dataopplæring i kommunen (og evt. andre). Desse 10 maskinane var i starten plassert i kommunestyresalen i Veveriet. Det viste seg etter kvart at det vart for tungvint å flytta dei fram og tilbake kvar gong det skulle haldast kurs, så det vart etablert eit eige kursrom i kjellaren i Rettedalen 7.

Dei 100.000 frå næringsfondet i kommunen vart brukt på videokonferanseutstyr til bruk for næringslivet og studentar. Utstyret vart plassert på møterommet på biblioteket. Gjesdal var den fyrste kommunen i regionen med eit slikt utstyr. Me marknadsførte tilbodet til dei andre kommunane, til næringslivet i Gjesdal og elles til folk i kommunen generelt. Bruken tok aldri av. – Kanskje nådde me ikkje ut med marknadsføringa? Samstundes hadde me ein del problem med å få utstyret til å fungera dei gongene det skulle brukast. Og det er dårleg reklame. Etter kvart gjekk tida ifrå denne teknologien. Skype og andre løysingar overtok for slike konferansar.

 

”Leselyst på tvers” (2003-2004)

Total prosjektstøtte: kr. 300.000

Hausten 2003 søkte Gjesdal folkebibliotek om statlege prosjektmidlar for å setta i gang eit leseprosjekt retta mot barn i grunnskolen. Me fekk 250.000 frå ABM-utvikling og 50.000 frå Fylkesmannen i Rogaland.

Me sette i gang eit samarbeid mellom 1. og 5. klassane på to av skolane på Ålgård (Solås og Bærland).

Bakgrunnen for prosjektet:

  • Gjesdal hadde gjennomsnittleg lågt utdanningsnivå. Der var lite tradisjon på at lesing var viktig.
  • Skolane mangla ofte kompetanse på barnelitteratur.
  • Tilgangen til aktuell litteratur var for dårleg.
  • Det vart sett av for lite tid til formidling i skolebiblioteka.

Målsettingar:

  • Auka leselyst for elevane som var med.
  • Auka kompetanse hos formidlarane
  • Synleggjera folkebiblioteket som ein ressurs i arbeidet med lesestimulering.
  • Aktiv litteraturformidling ”sett i system”. 

Gjennom prosjektet fekk barnebibliotekaren vår (Randi Jøntvedt) auka si stilling frå 50% til 93%.

Me ”adopterte” 1. og 5. klassane på dei to skolane. Me ville bygga vidare på fadderordninga som var etablert på skolane, der 5. klassingane fekk eit spesielt ansvar for å ta seg av 1. klassingane frå dei tok til på skolen. Nå skulle faddarar og ”fadderbarn” også samlast rundt boka.

Fokus i prosjektet var leselyst. Her skulle ikkje vera lesetvang, ikkje referatskriving eller bokmeldingar. Me hadde tru på at god tilgang til gode bøker skulle gi ungane lyst til å lesa. Det var viktig å forsyna klassane med mange gode bøker! Det vart kjøpt inn ca. 700 bøker som passa for dei to alderstrinna. Desse vart fordelte på - og sirkulerte mellom klassane som var med i prosjektet.

Ein del av prosjektmidlane vart også brukt på ei omlegging av datasystemet på alle dei 6 skolebiblioteka i kommunen. Dei fleste skolebiblioteka sleit med manglande datakompetanse, mange tekniske problem og lite tid til skolebibliotekarbeid. Fokuset hadde lett for å hamna på dataproblem i staden for på formidling av litteratur.

Nå vart alle dei lokale bibliotekkatalogane slått saman til ein database i Mikromarc som vart drifta sentralt frå Oslo (av Bibliotekenes IT-senter). Dette rasjonaliserte registreringsarbeidet og ga meir tid til litteraturformidling.

Prosjektet ga ei rekke større og mindre ringverknader på dei to skolane som var med.

Folkebiblioteket registrerte ein auke i utlånet av barnelitteratur på nesten 50% frå 2003 til 2004!

Via prosjektet fekk me etablert eit godt samarbeid med alle skolane i Gjesdal. I åra etterpå har delen av barnelitteratur av det samla utlånet vore mellom 60 og 70%.

Dette er eit av dei største prosjekta me har gjennomført. Ved å ta imot såpass mykje prosjektstøtte, forplikta me oss også til å vidareformidla erfaringar. Rakel og eg vart mellom anna invitert til "Inspirasjonskonferanse i samband med Gi rom for lesing" for vestlandsfylka i Bergen for å presentera prosjektet (våren 2004). Same haust var me i same ærend på Høgskolen i Oslo på ein konferanse i regi av lærarutdanninga der saman med Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

 

QR-koder og digital formidling (2012)

Prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket: kr. 60.000

 Smarttelefonar begynte å bli «allemannseige». Me ønska å driva litteraturformidling i samarbeid med Stavanger Aftenblad. Me ville lima QR-kodar på bøkene som viste til bokmeldingar i avisa. Var folk i tvil om dei ville låna og lesa ei bok, kunne dei skanna koden og sjå kva Aftenbladet meinte om boka.


 

Aftenbladet var heilt i starten på arbeidet med å gjera artiklane sine tilgjengelege på nett, så det tok nokre månader før bokmeldingane vart fast publisert.

Men den digitale utviklinga går ofte lynkjapt! Det tok ikkje lang tid før avisene begynte å legga stoffet sitt bak betalingsmurar og då var heller ikkje bokformidlinga så tilgjengeleg lenger.

I mangel av gode, lett tilgjengelege bokmeldingar på nett, glei prosjektet nokså raskt ut i sanden ….

Samtidig såg ein den gongen at dette var ein teknologi som ikkje hadde slått heilt an hos folk.

 

Interaktivt kart over samlinga (2012)

Prosjektstøtte frå Rogaland fylkeskommune: kr. 30.000

 


Me etablerte ein avtale med eit datafirma på Forus, GDM, som utvikla eit system for info-skjerm i foajéen i Veveriet. Her kunne me driva litteraturformidling, me kunne ha nokre sider med turistinformasjon og me fekk laga eit interaktivt kart over samlinga i biblioteket. Folk kunne velga i lista over tema eller type bøker, så kom det opp lys ved den hylla der dette var plassert.
I eit såpass lite bibliotek, var det kanskje ikkje heilt nødvendig med eit slikt kart - og det vart heller ikkje så mykje brukt. 
Det var kanskje turistinformasjonen på skjermen som vart mest brukt, - inklusiv oppdatert vêrmelding frå yr.no.

Fleire nabobibliotek kom for å sjå om dette kunne vera noko for dei, men det var ei dyr løysing så firmaet fekk nok ikkje fleire salg. 
Det var kostbart for oss også, så me sa opp avtalen i 2018.

Festivalbiblioteket (2015)

Prosjektstøtte frå Rogaland fylkeskommune: kr. 15.000

Tilbodet om lån av ebøker var nytt på denne tida. Gjesdal folkebibliotek har sidan starten hatt ansvaret for innkjøp av ebøker for barn og unge i Rogaland.
Prosjektidéen var å profilere dette nye tilbodet på russetreffet i Kongeparken. Aldri før har eit gratis boktilbod vore så lett tilgjengeleg. Alle ungdommar har mobiltelefonen sin med seg og kan bruka ledige stunder til å lesa.

Me fekk laga eigne russekort for
«e-sauen» frå Gjesdal, me leigde partytelt og hadde stand på dagtid fredag og laurdag under russetreffet. I tillegg vart det kjøpt inn over 100 nye ebøker som passa for målgruppa.


Gode samarbeidspartnarar var Rogaland fylkesbibliotek, Sola vidaregåande skole og Sandnes bibliotek. 

Det var kanskje ikkje så lett å måla effekt av dette "stuntet". Lesing er nok ikkje det fyrste russen har i tankane under russetreffet. Det vart ingen utlånstopp denne helga, men ein fekk mykje positiv tilbakemelding på russekorta. Målet om å spreia informasjon om tilbodet med e-bøker vart definitivt nådd.

Folkeverkstad / Makerspace (2017)

I 2017 fekk Rogaland fylkesbibliotek 400.000 i prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket til folkeverkstader på bibliotek i Rogaland. 
Gjesdal folkebibliotek meldte raskt si interesse for å vera med.
Frå Fylkesbiblioteket si nettside:
"Makerspace (gjerne "folkeverksted" på norsk) er kort og godt en møteplass der folk lager ting. Begrepet innebærer ofte en vektlegging av teknologiske verktøy som 3D-printere og laserkuttere, men et makerspace kan like gjerne bety enklere skapervirksomhet med symaskin, penn, papir, Lego eller lignende. Kunnskap, kreativitet og skaperglede er nøkkelord.
Makerspace faller inn under bibliotekenes samfunnsoppdrag. Tilgjengeliggjøring og spredning av ny teknologi er viktig folkeopplysning, dessuten styrker det bibliotekets rolle som møteplass og arena for livslang læring."

Fylkesbiblioteket kjøpte inn 4 3D-printarar som gjekk på rundgang mellom biblioteka i fylket. Etterpå var me heldige i trekninga og fekk ein av dei til "odel og eige". Alle bibiotek fekk kvar sin vinylkuttar og kurs i å bruka den.

Tidspunktet passa godt i forhold til planlegging av ombygginga av Veveriet / biblioteket i 2018 / -19. Her vart det sett av god plass til folkeverkstad i biblioteket. Rommet blir også brukt av kulturskolen. I tillegg til utstyret som er nemnt, er det nå kjøpt inn symaskinar.

Midler til arenautvikling (2017)

Prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket: kr. 80.000

Desse midlane skulle brukast til å gjera biblioteka i stand til å bli den aktive møteplassen som den Nasjonale bibliotekstrategien la opp til.

Her i Gjesdal søkte me om pengar til eit stativ med 30 stolar som enkelt kunne trillast fram og settast ut når me hadde arrangement. I tillegg fekk me støtte til ein enkel talarstol, prosjektor og lerret som også kunne takast med om me skulle ut og snakka om bibliotek og lesing.

 

Biblioteket som samskaper (2018-2020)

Prosjektstøtte: ca. 90.000 + dekking av reise og opphald ved 8 todagars samlingar i Oslo-området.

Hausten 2018 vart Gjesdal folkebibliotek plukka ut som eitt av dei to biblioteka
(+ Haugesund) i Rogaland som fekk vera med i det nasjonale prosjektet «Biblioteket som samskaper».
Oppland fylkesbibliotek driv prosjektet og har med seg to bibliotek frå kvar av dei fire fylka: Oppland, Buskerud, Rogaland og Finnmark. I tillegg er dei fire fylkesbiblioteka også med.

Sitat frå avtalen: Samskaping handler om å mobilisere kompetanser, ideer, engasjement og virkelyst blant medarbeider, innbyggere, lokale virksomheter og foreningsliv i løsning av felles oppgaver, problemer og utforminger. Hensikten er å finne løsninger sammen med den aktuelle målgruppen.
Biblioteket er en lavterskel møteplass hvor folk møtes på tvers av alder, kjønn og sosial tilhørighet. Vi styrker demokratiet ved å legge til rette for læring, kunnskapsdeling og kulturopplevelser i lokalsamfunnet.

Barnebibliotekar Helene er vår representant i prosjektet. I tillegg er Mari R. Westlake frå kulturkontoret med (hennar deltaking er ikkje støtta av prosjektet).
Dei to har jobba godt med førebuing til innflytting i Veveriet. I løpet av 2019 er det blitt halde to folkemøte for vaksne for å finna ut kva innbyggarar ønska seg og sjølv kunne tenka seg å bidra med i det nye huset. I tillegg har dei halde eit idémøte for ungdom.

 

Speaker’s corner (2019)

Prosjektstøtte frå Rogaland fylkeskommune: kr. 40.000

Ved årsskiftet 2018/-19 søkte me Rogaland fylkeskommune om tilskot til bibliotekutvikling.
Føremålet var tilrettelegging for biblioteket i Veveriet. Me kalla prosjektet «Speaker’s corner» og handla om å legga til rette det nye foajéområdet med kafé og miniscene slik at det kunne bli ein attraktiv møteplass for folk i Gjesdal. Me ønska støtte til teknisk utstyr som alle kan bruka utan omfattande opplæring: touch-skjerm for presentasjonar på scenen, lydanlegg med teleslynge.

I svarbrevet frå fylkeskommunen gir dei fylgjande grunngjeving:

«Dette er et spennende og innovativt tiltak som ikke har vært prøvd i bibliotek i Rogaland tidligere. Det er bra å prøve ut en åpen scene i slike omgivelser. Sjansen for å lykkes med et slikt prosjekt høynes ved at scenen og området rundt utformes i samarbeid med mulige brukere.»

 

Bokuka 19 (2019)

Prosjektstøtte frå Nasjonalbiblioteket: kr. 30.000

Hausten 2018 lyste Nasjonalbiblioteket ut prosjektmidlar til markering av Bokåret 2019 (500 år sidan den fyrste boka vart trykt i Norge).
I søknaden fokuserte me på at hausten 2019 skulle biblioteket flytta tilbake til Veveriet etter 15 månader i midlertidige lokale mens lokala våre vart pussa opp.
Me ønska å arrangere ei litteraturveke så snart som mogeleg etter innflytting. Målet var både å få folk inn i huset etter at det hadde vore stengt så lenge – og å få bibliotek og leseglede lokalt i Gjesdal tilbake i fokus hos gamle og nye brukarar av huset.
Bokveka blir arrangert i fyrste halvdel av november. Alle skoleklassar frå 2. til 10., blir invitert til forfattarbesøk i biblioteket: Anna Folkestad for småskolen, Maiken Nylund for 4.-5. trinn Ørjan Zazzera Johansen for 6.-7. trinn og Terje Torkildsen for ungdomsskolen. I tillegg får me eit forfattarmøte med Tore Kvæven for dei vaksne.

****************************************

ANDRE PROSJEKT

Transportprosjektet

I løpet av eit år låner me inn ganske mange bøker frå andre bibliotek. Folk skal kunna gå på sitt lokale bibliotek og låna det som måtte vera tilgjengeleg på bibliotek over heile landet, - både frå folkebibliotek og universitets-/høgskolebibliotek.

Etter kvar som ny teknologi gjorde det enklare å finna og bestilla bøker frå andre bibliotek, auka denne tenesta stadig. Samstundes auka portoutgiftene, så det vart ein merkbar utgiftspost for dei lokale biblioteka.

Me såg at fleire fylke etter kvart organiserte transportordningar mellom biblioteka og firmaet Nasjonal bibliotektransport vart etablert.

Me utfordra fylkesbiblioteket i Rogaland fleire gonger til å organisere ei slik teneste i fylket vårt, men av ulike grunnar tok dei ikkje den ballen.

I 2003/-04 filosoferte eg litt rundt leasingbilane som eg såg omsorgstenesten i kommunen hadde. Så tenkte eg at kanskje biblioteket kunne leasa ein bil som kunne køyra mellom biblioteka i regionen … Eg rekna litt på det og fekk med meg alle dei 8 kommunane i regionen – frå Randaberg til Hå + universitetsbiblioteket på Ullandhaug. Det vart eit spleiselag der Stavanger bibliotek (som den med det desidert største transportbehovet, betalte halvparten, dei andre delte på den andre halvparten. Med dette fekk me også dekka lønnsutgifter til sjåfør. Det var Ingeborg, som i utgangspunktet hadde ei 60% stilling, som dermed fekk auka si stilling.

Gjesdal folkebibliotek dreiv denne transporten frå 01.09.2004 til 31.08.2011, - til saman 7 år. Då fekk fylkesbiblioteket organisert ei ordning som dekka hele fylket og vart drive av Norsk bibliotektransport.

Det fyrste heile året (2005) me dreiv denne ordninga, transporterte me ca. 6.000 bøker. Det siste heile året (2010) frakta me 20.700 bøker!

 










Her er Ingeborg klar til å køyra ut med boktransporten.

***************************************

Takk for meg!

Kvifor vart det eit yrkesliv i bibliotek for meg? Som så ofte elles i livet: tilfeldig!
Året etter eg var ferdig med gymnas og folkehøgskole, vart eg verande heime og arbeidde i gartneriet til familien. Eg hadde ikkje kome inn på det studiet eg hadde søkt på og var litt usikker på kva eg skulle bli «når eg vart stor». Utpå hausten kom eg over ein annonse for ei stilling på biblioteket i Kristiansand. Det sette i gang nokre tankar… Kanskje det hadde vore noko! Eg hadde vel aldri vore ein storlesar, hadde brukt skolebiblioteket – men faktisk aldri vore innom folkebiblioteket i Flekkefjord. Likevel slapp ikkje tanken, og etter eit par år med andre fag på høgskolen i Volda, kom eg inn på det som den gongen heitte Statens bibliotekhøgskole i Oslo – ei 3 års fagutdanning.

Arbeidet i ein forholdsvis liten kommune passa meg godt. Gjesdal hadde 5.500 innbyggarar då eg starta i jobben. Det var ein sjølvstendig jobb – og ein allsidig jobb: her fekk eg alt frå publikumskontakt, kontor-/rutinearbeid, innkjøp og budsjett, bokbilkøyring og planlegging / utviklingsarbeid. Eg har sett på biblioteket som ein viktig, brei kulturaktør i lokalsamfunnet, ikkje bare i forhold til litteraturformidling, men også formidling av kunnskap, informasjon, IT-kompetanse, lokalhistorie – og etter kvar med biblioteket sin funksjon som lågterskel møteplass.
Gode kolleger har vore flinkare på litteraturformidling enn meg. Eg trivs med å legga til rette for formidlinga av kunnskap og samfunnsinformasjon. Ekstra spennande dersom ein kan driva litt detektivarbeid i bøker eller databasar på jakt etter svar for ein lånar. 

Når ein arbeider i eit lite bibliotek, er det ekstra viktig å fylgja med på det som skjer i fagmiljøet. Eg synes det har vore spennande å plukka opp idéar og tilpassa dei til vårt lokalsamfunn. Det viser også godt igjen i lista over prosjekt me har fått pengar til.

Så har ein, opp gjennom åra, hausta ymse erfaringar med å vera ein del av ein større organisasjon. I starten var fagmiljøet det viktigaste. Det var hos bibliotekkolleger i Rogaland og hos Fylkesbiblioteket eg henta råd i det daglege. Stillinga mi var direkte underlagt rådmannen i kommunen, men dit opp var det laaangt.  Fyrst midt på 90-talet vart personalarbeid teke meir på alvor. Då fekk eg faste avtalar med rådmann, seinare assisterande rådmann, for å sikra god informasjon begge vegar. Biblioteket vart teke på alvor og inkludert i organisasjonen. Den kompetansen me hadde, vart sett pris på og brukt m.a. i informasjonsarbeidet som eg har skrive om tidlegare.

Omorganiseringar vart etter kvart standard utover 2000-talet. Ein kvar ny rådmann måtte setta sitt preg på organisasjonen – og biblioteket vart flytta «hit og dit»: frå å vera ein del av ein nokså flat organisasjon på starten av 2000-talet, til å hamna langt nede mot botnen i ein spiss pyramide før eg slutta.  Dette er dessverre del av ein trend dei siste åra. Håper det ikkje seier for mykje om statusen til biblioteka i kommunenorge....

Nå startar eit nytt kapittel i bibliotekhistoria i samband med tilbakeflytting til Veveriet etter ombygging. Nå er der liv i alle tre etasjane. Biblioteket har framleis si sentrale plassering i fyrste etasje. Mine tankar om den sosiale møteplassen frå innflyttinga i Veveriet i 2001, er like aktuelle. I 2014 fekk me i tillegg eit nytt punkt i Lov om folkebibliotek: Folkebiblioteket skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.
Der ligg ei av utfordringane for dei som skal driva biblioteket vidare.

Lukke til med åra som kjem!

******************

TAKK!

Til slutt vil eg få takka alle gode kollegaer og medarbeidarar på hovudbiblioteket gjennom alle desse åra:

Ann Martinsen, 1980-1994,
ekstrahjelp

Arnfrid Opedal 1980-1985,
vikar / ekstrahjelp

Ingeborg Bjelland, 1981 -  d.d.,
bibliotekmedarbeidar

Gerd (Ekstrøm) Støle Hammer, 1987-1988 
ekstrahjelp

Olava Nødland, 1993-1996,
barnebibliotekar

Randi Jøntvedt, 1997 – 2009,
barnebibliotekar

Solveig Løland, 1997-1998,
barnebibliotekar (vikar for Randi)

Lisa Ollestad, 2001-2002 
Ekstrahjelp

Kristin Oftedal, 2005-2007 
sommarjobb

Ingunn Espeland, 2005-2009,
vikar for Randi / assistent for Randi

Bjørn Veen, 2008-d.d,
bibliotekar

Rakel Jøntvedt, 2010-2015,
barnebibliotekar 

Hilde Furuseth, 2015-2016, 
vikar for Rakel  

Therese Pedersen, 2011-2019 
sommarjobb / ekstrahjelp

Helene Nord-Varhaug, 2016-d.d., 
barnebibliotekar

*********************************

Eit lite smil til slutt 😊

Bibliotek er eit fellesgode. Me vil gjerne at bøker (og andre media) skal sirkulera best mogeleg. Purringar er dessverre nødvendig å senda ut med jamne mellomrom. Gebyr blir sett for å dekka inn litt av ekstrautgiftene me har med dette arbeidet.
Her er brev me fekk frå ein som nok har fått ei formaning frå mor eller far og må betala gebyret sjølv for boka han har gløymt å levera.




***********************************

Alle foto som ikkje er gjengitt med løyve frå aviser, er enten mine eigne eller av andre tilsette på biblioteket.


Stavanger, september 2021
Ingvild Seland 
ingvild.seland(at)gmail.com